Nav
NAV forvaltar ein tredjedel av statsbudsjettet gjennom ordningar som dagpengar, arbeidsavklaringspengar, sjukepengar, pensjon, barnetrygd og kontantstøtte.
NAV blei etablert 1. juli 2006. Kommunane og staten samarbeider om å finne gode løysingar for brukarane gjennom 456 NAV-kontor, i kommunar og bydelar. Kommunen og NAV har avtalt kva kommunale tenester kontoret skal tilby. Tenesteinnhaldet i eit NAV-kontor vil derfor variere frå kommune til kommune.
Organisasjonen
NAV eller Arbeids- og velferdsforvaltninga, har om lag 19 000 medarbeidarar. Av desse er om lag 14 000 tilsette i staten, Arbeids- og velferdsetaten, og om lag 5 000 er tilsette i kommunane.
I tillegg til NAV-kontora er det over hundre spesialeiningar. Spesialeiningane løyser sentraliserte oppgåver som det ikkje er tenleg å utføre i førstelina på det enkelte NAV-kontoret.