Trygghetsskapande teknologi
Ilag med tre andre kommunar, banar Lindås kommune veg for framtidas omsorgstenester.
Dokumenter (1)
Om anskaffelsen
Ilag med tre andre kommunar, banar Lindås kommune veg for framtidas omsorgstenester.
Målet med teknologien er å gi eldre og andre som treng hjelp moglegheita til å bu heime lengst mogleg.
Lindås kommune har jobba med omsorgsteknologi i ei årrekkje, og er mellom dei fremste i landet på utprøving. Tilbakemelding frå brukarar og pårørande er at dei ulike sensorane gjer at dei kjenner seg tryggare heime – og gir auka livskvalitet.
Kommunen bestemte seg for å starte prosessen med ei innovativ anskaffing og ville gjerne gjere dette saman med andre kommunar.
November 2015 inviterte komunane til ein dialogkonferanse. Meir enn 100 representantar frå 16 kommunar og 25 leverandørar stilte på konferansen.
Etter konferansen knytte Lindås kommune ekstra tette band med kommunane Askøy, Fjell og Øygarden. Kommunane ønskte å samarbeid om kjøp av den rette teknologien, og bestemte seg for å starte prosessen med ei innovativ anskaffing.
No er leverandørane valgt og implementring av velferdsteknologi til drift pågår for fullt.