Innovasjonsløft gjer fart til marknaden

av Adrian Andersen

Ilag med tre andre kommunar, banar Lindås kommune veg for framtidas omsorgstenester. Onsdag 15. februar signerte kommunane avtale med leverandørane om heilt ny velferdsteknologi.

Ilag med tre andre kommunar, banar Lindås kommune veg for framtidas omsorgstenester. Onsdag 15. februar signerte kommunane avtale med leverandørane om heilt ny velferdsteknologi.

Leverandørane og dei fire kommunane signerte kontrakt

Det er kommunane Lindås, Askøy, Fjell og Øygarden som saman har fått på plass ein kontrakt for levering av velferdsteknologi. Avtalen er ein milepæl i arbeidet med å gi best mogleg tenester til innbyggjarane i dei fire kommunane! Målet er at teknologien skal gi eldre og andre som treng hjelp moglegheita til å bu heime lengst mogleg! I Lindås har vi allereie god erfaring med denne måten å jobbe på – og tilbakemeldinga frå brukarane våre er at teknologien gir dei ein tryggare kvardag – og auka livskvalitet!

– Dette var starten på løpet vi kryssar målstreken med i dag, seier prosjektleiar i Lindås kommune, Kari Eidnes Bjørkheim. Ho vedgår at det har vore krevjande å samarbeide, men seier samstundes at samarbeidet er ein av suksessfaktorane.

– Det har vore eit tverrfagleg samarbeid, der kommunane har deltatt med ulik kompetanse, seier Bjørkheim.

Kari Bjørkheim, prosjektleiar Lindås

Fleire ting er nytt og unikt med det Lindås og dei andre kommunane har gjort:

  • Samarbeidet mellom dei fire kommunane er nytt.
  • Måten å invitere leverandørane til ei konkurranse på er ny. Kommunane har gjennomført ei felles innovativ anskaffing, som kort fortalt betyr at dei skildrar behovet sitt, ikkje produktet eller tenesta dei ønskjer.
  • Teknologien som leverast er heilt ny.
  • Tenestene til innbyggjarane i dei fire kommunane blir fornya og forbetra.

Milepælen vart markert på rådhuset i Lindås kommune onsdag 15. februar. På markeringa var ordførar i Lindås kommune, Astrid Aarhus Byrknes, tydeleg på at dette er ei ønska utvikling.

– Dette er nybrottsarbeid. Det vi har gjort ilag er heilt unikt, seier ordføraren og legg til at ho ser fram til å følgje den vidare utviklinga.

– Velferdsteknologien betyr noko for brukarane våre. Eg har møtt brukarar i kommunen vår som seier at denne måten å jobbe på gir dei auka livskvalitet. I tillegg ser vi at utviklinga betyr noko for dei tilsette i kommunane våre. Å satse på denne måte, vere så framoverlent, gjer at det blir interessant å jobbe i kommunane våre, seier ordførar Aarhus Byrknes.

Astrid Aarhus Byrknes, ordførar Lindås

Frå Fjell kommune har IKT-sjef Kjell Fylling og prosjektleiar Janne Mo har vore med i den innovative anskaffinga av velferdsteknologi. Einingsleiar Britt Jorunn Landro har delteke frå Øygarden kommune.

– Vi ser fram til eit felles spennande nybrottsarbeid med å implementera gode velferdsteknologiske løysingar i kommunane våre, seier Janne Mo.

Frå Askøy kommune har Silje Solvang Nese, Marianne Holm og Liv Olsen delteke. Marianne Holm har hatt ei sentral rolle på vegne av alle kommunane knytt til det innkjøpsfaglege og den innovative anskaffelsesprosessen.

I tillegg til prosjektleiar Kari Eidnes Bjørkheim har Hildegunn Baravelli og Terje Sætre delteke frå Lindås kommune.

Ordførarar Aarhus Byrknes vart same dag intervjua av NRK Radio om saka og det kan høyrast her.