Risnes bru i aluminium
Risnes bru på fylkesveg 570 i Masfjorden skal erstattast, og det er fatta politisk vedtak om å nytte aluminium som konstruksjonsmateriale. Brutypen det her er snakk om har til no aldri tidlegare vore bygga i aluminium, noko som medfører vesentleg usikkerheit samanlikna med tradisjonelle løysingar i stål og betong. Gjennom systematisk behovsavklaring, målretta teknisk modning og dialog med marknaden skal prosjektet kartleggje modenheitsnivå, identifisere utviklingsbehov og vurdere relevante anskaffingsmodellar.
Aktører
Om anskaffelsen
Sentrale faglege utfordringar er knytt til utmatting, samverknad mellom aluminium og betong, produksjons- og samanføyingsmetodar og løysingar for rekkverk og sekundære konstruksjonar. I tillegg er det uvisse om marknaden er tilstrekkeleg moden, og om slike løysingar kan utviklast og leverast innanfor ein tradisjonell anskaffingsprosess.
Formålet med forprosjektet er å undersøkje om førkommersiell anskaffing eller innovasjonspartnerskap er eigna verkemiddel for å handtere desse utfordringane. Prosjektet skal avklare om det er behov for utvikling i forkant av anskaffing, og i kva grad innovativ anskaffing kan bidra til å redusere teknisk, marknadsmessig og regelverksmessig usikkerheit.
Det skal også gjennomførast overordna vurderingar av kost–nytte, klimaeffekt og overføringsverdi til andre prosjekt. Resultatet blir eit dokumentert beslutningsgrunnlag med ei tydeleg tilråding om vidare anskaffingsstrategi, inkludert om innovativ offentleg anskaffing bør nyttast og kva modell som er best eigna. Prosjektet vil bidra til betre offentlege anskaffingar og auka kompetanse om bruk av nye material i infrastruktur.
Prosess
Forprosjekt
Forprosjektet skal gi eit tydeleg og etterprøvbart beslutningsgrunnlag ved å kartleggje og konkretisere behov og sentrale utfordringar, gjennomføre tidleg marknadsdialog for å avklare marknaden si modenheit, identifisere eventuelle behov for utvikling før anskaffing og analysere og samanlikne relevante anskaffingsmodellar. Illustrasjonsfoto: Aas-Jakobsen as
Hovedprosjekt - Steg 1. Konkurransegjennomføring
Uansett val av anskaffingsmodell så vil kvalifisering av leverandør(ar) skje gjennom konkurranse.