Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune har mange ulike ansvarsområde. Her er nokre av dei viktigaste:

Vidaregåande opplæring

Vestland får meir enn 21 000 elevar i vidaregåande opplæring. Dei fleste går på ein av dei 43 vidaregåande skulane til fylkeskommunen. Fylkeskommunen har òg ein produksjonsskule, ein folkehøgskule og ein fagskule. Mange elevar har rett på skuleskyss, som òg blir  levert av fylkeskommunen. I tillegg til elevane kjem 6500 lærlingar, og rundt 2600 lærebedrifter som tar ansvaret for opplæringa av desse. Fylket gir ekstra hjelp til dei som treng det for å fullføre vidaregåande, og vi tilbyr karriererettleiing til alle.

Tannhelse

Vestland har 54 tannklinikkar som skal yte god tannhelsehjelp og førebyggjande arbeid.

Kultur

Fylkeskommunen skal legge til rette for godt kulturliv i heile Vestland og syt for eit variert tilbod innan bibliotek, film, musikk, scenekunst og visuell kunst. Eitt av måla er å tilby engasjerande opplevingar for alle.

Samferdsel

Fylkeskommunen har ansvar for utvikling og vedlikehald av fylkesvegar.

Det nye fylket overtok frå oppstart 1. januar 2020 fleire oppgåver frå Statens vegvesen og no planlegg, byggar, driftar og held vi ved like fylkesvegane i Vestland. Vi skal fortsette å legge til rette for gode og miljøvennlege kollektivtilbod i heile fylket. Slik når vi òg klimamåla vi har forplikta oss til.

Næringsutvikling

Vestland skal jobbe for nyskaping, vekst og arbeidsplassar i nærområda i Vestland. Fylkeskommunen støttar kommunar og næringsliv, og legg til rette for å forvalte naturressursane på ein berekraftig måte.

Klima og miljø

Fylkeskommunen planlegg for framtida for å redusere klimagassutslepp i Vestland og legg mellom anna til rette for å bygge ladeplassar for bil og båt. Vi bidrar til forsking på miljø, klima og fornybar energi. Saman med kommunar, næringsliv og organisasjonar skal vi oppnå felles klimamål.

Kontaktinformasjon

Relaterte anskaffelser (5)

Journalsystem for den offentlige tannhelsetjenesten

"Munnen er en del av kroppen, i hvert fall digitalt" - dette er visjonen for prosjektet som har som målsetning å utvikle tjenestens evne til samhandling, informasjonsdeling og analyse. På denne måten skal den offentlige tannhelsetjenesten i Norge kunne levere…

Innovativ løsning for sikring mot steinsprang/-skred

I Vestland er det 5600 kilometer med fylkesveg og 495 skredpunkt. Av disse er 71 regna som skredpunkt med høy skredfare, og 152 med middels skredfare. I tillegg øker forfallet på fylkesvegene. Vestland fylkeskommune ønsker en innovativ løsning for sikring…

Drift av fylkesveier i Vestland

Vestland fylkeskommune utlyser driftskontrakt for 517 km fylkesveg og 5,5 km gang/sykkelveg nord i fylket med estimert verdi på 320 millioner kr.

Innovasjonsarena Drift og vedlikehold av vei (DOV)

På bakgrunn av registrerte behov for samhandling/erfaringsdeling og målsetting om mer innovasjon innen Drift og vedlikehold av vei (DOV) hos våre partnere som er vei-eiere/forvaltere av europa-, riks- og fylkesvegnettet i Norge, så har LUP tatt initiativet til å etablere…

Fremtidens hurtigbåter

Hurtigbåter er en viktig del av samferdselstilbudet i Norge, og totalt 200 hurtigbåter er i drift. Av all kollektivtrafikk er hurtigbåt det som forurenser mest: En hurtigbåt forurenser ni ganger mer enn personbiler og fire ganger mer enn fly per…