Dialogkonferanse: Ny Risnes bru i aluminium

Vestland fylkeskommune inviterer til digital dialogkonferanse i samband med forprosjektet for ny Risnes bru på fv. 570 i Masfjorden. Gjennom dialogkonferansen og dei påfølgjande 1:1-møta ønskjer vi å få ei betre forståing av kva marknaden faktisk kan levere innanfor rammene for prosjektet. Formålet er å redusere usikkerheita og skaffe eit meir etterprøvbart grunnlag for vidare vurderingar av teknologimodenheit, behov for vidare modning, gjennomføringsrisiko, marknadskapasitet og eigna anskaffingsmodell. Illustrasjonsfoto av ny Risnes bru. Foto: Aas-Jakobsen AS.

Tidspunkt

Fredag 23. oktober 2026 kl. 10:00 - 11:00

Sted

Digitalt møte

Om arrangementet

Vestland fylkeskommune arbeider med planlegging av ny Risnes bru på fv. 570 i Masfjorden. Eksisterande bru er ei fritt frambyggsbru frå 1970-talet med hovudspenn på om lag 66 meter. Brua er vurdert som underdimensjonert for dagens krav og blir i dag drifta med redusert trafikklast og innsnevring til eitt felt.

Les dialognotatet om marknadsdialogen for Risnes bru

Prosjektet ønskjer særleg innsikt i kva som er teknisk og kommersielt modent, kva utfordringar som krev vidare modning, og korleis risiko og konkurranse kan handterast i vidare anskaffing.

Les meir om den innovative anskaffinga på prosjektsida her

 

Tema for dialogen

Vestland fylkeskommune ønskjer særleg dialog om:

  • marknaden si modenheit for større aluminiumsbruer
  • produksjons- og samanføyingsmetodar
  • byggbarheit og gjennomføring i sjø
  • aktuelle standardar, dokumentasjon og verifikasjon
  • levetid, vedlikehald og inspeksjon
  • handtering av teknisk og økonomisk risiko
  • kapasitet og kompetanse i leverandørmarknaden
  • moglegheiter og avgrensingar knytt til resirkulert aluminium
  • aktuelle entreprise- og anskaffingsformer og kva type gjennomføringsmodell marknaden meiner er mest realistisk.

 

Praktisk informasjon

Dialogkonferansen gjennomføres fredag 23. oktober kl 10:00-11:00. I løpet av dagane etter konferansen vil det bli gjennomført korte 1:1-dialogmøte med interesserte aktørar.

Marknadsdialogen blir organisert i samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, DFØ, LUP og Inventura.

Det er obligatorisk påmelding. Du melder deg på ved å følgje denne lenka

Aktørar som ønskjer 1:1 møte med Vestland fylkeskommune melder sin interesse til:

Henrik Løseth Jansen
Vestland fylkeskommune
henrik.loseth.jansen@vlfk.no

 

Meld deg på