Dialogkonferanse om innovativ steinsprang- og skredsikring

I Vestland er det 5600 kilometer med fylkesveg og 495 skredpunkt. Av desse er 71 rekna som skredpunkt med høg skredfare, og 152 med middels skredfare. I tillegg aukar forfallet på fylkesvegane.

Vestland fylkeskommune ønsker ei innovativ løysing for sikring mot steinsprang/-skred. Denne skredtypen er ein av hovudutfordringane langs fylkesvegane i Vestland.

Tidspunkt

Tirsdag 12. mars 2024 kl. 09:30 - 11:00

Sted

Dialogmøte er digitalt

Om arrangementet

Kva ønsker vi svar på i dialogen?

  • Er marknaden klar for å levere løysingar som kan dekke vårt behov? Er det mogleg å gå rett på anskaffing eller er det meir aktuelt med ein FoU-kontrakt?
  • Kva kan kostnadsramma for løysinga vera?
  • Når kan ein forvente eit ferdig produkt?
  • Kva grad av involvering krev det frå vår side?

 

Målgrupper

  •  Interesserte aktørar som kan levere fysiske skredsikringar.
  •  Interesserte som kan bidra med innspel til løysingar og/eller utvikle løysingar.

 

Meir om behovet

Skredvarsling og automatisk stenging av veg er ei rimeleg løysing som minskar risiko for at trafikantar vert treft av skred, sjølv om ein ikkje hindrar skredet å nå vegen. Vi har gode erfaringar med denne typen sikring av snøskred, men vi ser at utviklinga ikkje er komen langt nok for steinsprang/-skred.

Tradisjonelle sikringar er ofte dyre, det tek lang til å installera og dei har høge utslepp med tanke på materialbruk og bygging. Det kan vere HMS-utfordringar i anleggsperioden dersom det er fare for ustabile massar i terrenget. Lang installeringstid er ikkje å føretrekke då personell må opphalde seg i usikkert område over tid. Det er på einskilde skredpunkt på fylkesvegnettet ikkje er plass til denne typen tiltak. Tradisjonelle sikringsmetodar som fangnett/-gjerde er godt utprøvd i fylket. Difor er vi interessert i løysingar utover dette.

Vi ønsker å teste ut nye typar fysiske sikringar langs fylkesvegen som er:

  • kostnadseffektiv å anskaffe, drifte og vedlikehalde
  • trygge og sikre under og etter installasjon

Vidare er det ønskeleg at løysinga kan setjast opp i løpet av dagar/veker dersom dette er mogleg. Det er sjølvsagt positivt om løysinga har lågare klimagassutslepp enn tradisjonelle skredsikringar.

Se også sidene Inviterer til dialogkonferanse om innovativ skredsikring – Vestland fylkeskommune

 

Meld deg på