Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir)

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse vart etablert 1. juli 2021, og er underlagt Kunnskapsdepartementet. Direktoratet er eit resultat av samanslåinga av Diku, Kompetanse Norge, Universell og deler av Unit og NSD. 1. januar 2023 overtok direktoratet ansvaret for godkjenningsordningane av utanlandsk utdanning frå NOKUT.

Direktoratets nettside

Direktoratet har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltningsoppgåver innan høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla.

Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrke det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar. Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.

Relaterte anskaffelser (1)

Digitalt prøvesystem

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) har ansvar for at innvandrere kan dokumentere sine kunnskaper og ferdigheter i norsk og samfunnskunnskap på en trygg, rettferdig og forsvarlig måte. HK-dir inviterer aktuelle leverandører til å søke om å bli med…