Bransjedag infrastruktur og veg – Vestland fylkeskommune
Kva skjer på fylkesvegane frå 2024? Og kva utfordringar og moglegheiter vil nye klima- og miljøkrav gje entreprenørar, rådgjevarar og fylkeskommunen som byggherre?
Infrastruktur- og vegavdelinga i Vestland fylkeskommune inviterer til bransjedag torsdag 15. februar.

Tidspunkt
Torsdag 15. februar 2024 kl. 09:00 - 15:00Sted
Scandic Flesland BergenOm arrangementet
Program for bransjetreff 2024
Kl. 09:00: Velkomen v/Gunhild Vangsnes, leiar for planlegging og utbygging i VLFK, og innleiing v/Dina Lefdal, avdelingsdirektør for infrastruktur og veg i VLFK.
Kl. 09:15: Presentasjon av nye utbyggings- og vedlikehaldsprosjekt i fylket.
Kl. 10:15: Beinstrekk
Kl. 10:30: Framhald prosjektpresentasjon
Kl. 11:30-13:00: Lunsj med stasjonar
Kl. 13:00: Klima- og miljøkrav – våre forventningar til entreprenørar og leverandørar v/infrastruktur og veg, stab juridisk og anskaffingar.
Kl. 13:25: Korleis jobbar VLFK med krav og nye kriterier på klima/miljø i kontrakter på fylkesvegane? Ved seksjon for Vegforvaltning i VLFK.
Kl. 13:45: Beinstrekk
Kl. 14:00 – 15:00: Panelsamtale.
Deltakarar:
- Arild Bøthun, Maskinentreprenørenes forbund (MEF)
- Kåre Romarheim, Entreprenørforeningen – Bygg og Anlegg (EBA)
- Alex Lunde, Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF)
- Hjalmar Olseth, leiar for juridisk eining, infrastruktur og veg i VLFK
- Anniken Torset, miljørådgjevar for HRP/Vestland fylkeskommune
Panelsamtalen vert leia av Kjersti Granaasen, innovasjonspådriver, Leverandørutviklingsprogrammet (LUP).
