Invitasjon til dialogkonferanse om sirkulær anskaffing av møblar

tirsdag 3. september 2019

Fra 10:00 til 14:30

Amalie Skram vgs. Bergen

Er du interessert i møblar, miljø og/eller teknologiutvikling? Er du, eller har du lyst til å bli, leverandør til det offentlege? Er du nysgjerrig på sirkulære anskaffingar?

Då håpar vi du vil delta på dialogkonferanse om sirkulær anskaffing av møblar tysdag 3. september i Bergen.

Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer i samarbeid med Difi, Universitetet i Bergen, Bergen kommune og Leverandørutviklingsprogrammet til dialogkonferanse, der formålet er å få kunnskap om kva løysingar som finnast i marknaden og idéutveksling om kva som kan vere mogeleg å utvikle.

Invitasjon og program for dagen finner du her

Påmelding via https://www.hordaland.no/nn-NO/kalender/dialogkonferanse-om-sirkular-anskaffing-av-moblar/.